Pressemelding
Regjeringa sviktar distrikta i samferdselspolitikken!
Frp og Solvik-Olsen har i dag lagt fram samferdselsbudsjettet for 2018. Viktige infrastrukturtiltak for å skape busetjing, vekst og utvikling i heile landet er blitt nedprioritert.
Særdeles skuffande er det at tilskot til breibandsutbygging har gått ned fra 138,7 mill til 69,7 mill. Dette er ei halvering av satsinga på digital infrastruktur!
-I trontalen sa regjeringa at dei ville auke farten på digitaliseringa av Norge, dette budsjettet heng ikkje i hop med dei lovnadane. Med dette investeringsnivået på breiband vil det gå 90 år før heile landet har tilgang til breiband med god kapasitet, det er rett og slett ikkje haldbart, seier Ivar Odnes, Sp`s medlem i transport og kommunikasjonskomiteen.
Tiltak langs kysten var i heile forrige perioden ein salderingspost for regjeringa, og ein låg langt bak nivået i forrige nasjonale transportplan.
-Me ser no at regjeringa held fram med nedprioriteringa av kysten. Tilskudd til fiskerihavner, som vi veit er nødvendig for å auke verdiskapinga langs heile kysten, er berre på halvparten av det nivået Frp lova då dei la fram NTP før valget. Me vil no jobbe for å løfte kystinvesteringane slik at me sikrar vekst i desse næringane som er så viktige for landet, seier Siv Mossleth, Sp`s andre medlem i transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.
-Det er i det heile overraskande at så mange lovnader som vart gitt når regjeringa la fram nasjonal transportplan før sommaren vert brotne. Senterpartiet vil no sjå på muligheita for å finne alternative fleirtal i Stortinget for viktige prosjekt, avsluttar Odnes.