Pressemelding

Statsministerens kontor - 23.10.2024

Regjeringa vil ha aldersgrense på 15 år for å dele personopplysningar


Regjeringa vil ha ei aldersgrense på 15 år for når barn sjølv kan samtykke til at sosiale medium handsamar personopplysningane deira. Regjeringa tek også sikte på å lovregulere ei absolutt aldersgrense for sosiale medium og arbeider vidare med korleis det kan gjerast.

 

– Vi skal ha ei aldersgrense for bruk av sosiale medium. No tek vi eit første steg på vegen til ei absolutt aldersgrense, ved å auke aldersgrensa for når barn sjølv kan samtykke til at sosiale medium handsamar personopplysningane deira. Det er viktig for å verne barn mot skadeleg innhald, kommersiell utnytting, overvaking og misbruk av personopplysningar, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

 

Aldersgrensa i personopplysningslova regulerer når barn sjølv kan samtykke til at informasjonssamfunnstenester, som sosiale medium, kan handsame personopplysningane deira utan samtykke frå foreldra. Foreldre kan framleis samtykke for barn som er under aldersgrensa.

 

Regjeringa vil leggje fram eit høyringsnotat om å auke grensa i personopplysningslova frå 13 til 15 år så snart som mogleg, og vil sende eit tydeleg signal om at barn under 15 år ikkje bør bruke sosiale medium.

 

– Halvparten av dagens 9-åringar er i dag på sosiale medium, og eg deler bekymringa for at dette kan vere skadeleg for barna. Vi veit at mange foreldre syns det er vanskeleg å unngå at barna er på sosiale medium når så mange andre barn er det, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.

 

Samstundes tek regjeringa sikte på å lovregulere ei absolutt aldersgrense for sosiale medium og arbeider vidare med korleis det kan gjerast.

 

Foreldre kan ikkje stå aleine i møte med teknologigigantane. Derfor vurderer vi strengare lovgjeving. Regjeringa styrkjer samstundes tilsyns- og informasjonsarbeidet for barns digitale oppvekst, og vil fremja synspunkta til Noreg i pågåande prosessar i EU om mellom anna system for aldersverifikasjon, seier Toppe. 

 

Denne hausten og vinteren vil regjeringa få både Skjermbrukutvalet sin rapport og stortingsmeldinga Trygg digital oppvekst. Dette vil gi meir heilskapleg kunnskap om konsekvensar og tiltak knytt til barn sine digitale liv.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS