Pressemelding

Senterpartiet - 07.02.2018

Rekordstore fylkesårsmøte i Senterpartiet

I februar og i starten av mars har alle Senterpartiets fylkeslag årsmøte. I år er det venta rekordoppmøte, kanskje opp mot 2 000 delegatar. På programmet står generell politisk debatt, vedtak av fråsegner, #MeToo, val av fylkesstyre og andre årsmøtesaker.

Politiske verkstader

Først på dei fleste fylkesårsmøte er det ein generell politisk debatt. Etter ein sentralinnleiar har heldt sin politiske tale, så kan delegatane tala om de som dei har på hjarta og som er viktig for dei og lokallaget deira no.

På fylkesårsmøta i fjor vart det vedtatt til saman 118 uttalar på dei 19 fylkesårsmøta, altså over seks uttalar i snitt. Tema for uttalane spreidde seg over svært mange politiske saksfelt, men i fjor var det flest uttalar innanfor desse tema: generelt mot sentralisering, kommune- og regionreform, politi, domstol, beredskap og kriminalitet, samt landbruk, skog, jordvern, mat og næring. Så vert det spanande å sjå kva som opptar fylkeslaga i år. Uansett; alle uttalar og resultat frå fylkesårsmøta vert vidareformidla til og følgt opp av både sentralstyret i partiet og i alle komitear i stortingsgruppa.

#MeToo

I år vert og nye etiske retningslinjer og varslingsrutinar sendt på høyring frå sentralstyret til fylkeslaga, og mange fylkesårsmøte kjem til å diskutera både dette og grasrotkampanja #MeToo. Høyringane skal så oppsummerast av sentralstyret og nye retningslinjer skal vedtakast av Senterpartiets landsstyremøte 6.-7. april.

Val av fylkesleirar

Ikkje alle i fylkesstyret er på val samtidig. I år, som er eit mellomvalår er det fylkesleiar, studieleiar og halvparten av styremedlemane som er på val. I valår er det dei to nestleiarane og resten av styremedlemane som normalt er på val. Fylkesårsmøtet handsamar årsmelding og rekneskap samt retningslinjer for partiarbeidet framover og budsjett.

Trøndelag Senterparti

I år er det første felles årsmøte i Trøndelag Senterparti, etter at Sør- og Nord-Trøndelag frå nyttår har blitt slått saman til eit fylke. Det vert eit svært stort fylkesårsmøte, med rundt 230 delegatar samt observatørar og gjester, altså nesten på storleik med landsmøta i partiet. Det historiske møtet skal vera på Scandic Hell i Stjørdal 9.-10. februar, og Gunn Iversen Stokke frå Skaun er foreslått som fyrste fylkesleiar.

Rekordstore fylkesårsmøte

Til fylkesårsmøta i fjor var det tal røyster i fylkestingsvalet i 2015 som låg til grunn for talet lokallagsdelegatar (i tillegg til medlemstalet). I år vert lokallagas rett på delegatar rekna ut frå antalet røyster i stortingsvalet i 2017, som var 302 017. I 2015 var røystetalet 176 270, og partiet fekk i 2017 derfor nesten 126 000 fleire røyster. Når ein legg til grunn at lokallaga har «Én utsending for hver påbegynt 300 stemmer ved siste stortingsvalg», vil auka stemmetal på tusen gje lokallaga rett på mellom tre og fire nye utsendingar.

I tillegg kjem det og fleire lokallagsdelegatar då medlemstalet i 2017 auka med 541 personar. I vedtektene står det at lokallaga har «en utsending for hvert 50. medlem (inkludert medlemmer i Senterungdommen)». Derfor har lokallaga høve til å møta med godt over 400 fleire utsendingar ved årets fylkesårsmøte.

                                           

Senterpartiets fylkesårsmøter 2018

Fylke – dato

Stad

Sentral innleiar

Kontaktperson

for media

Oslo

3/2

Citybox (Prinsens gate 6)

Stortingsrepr Sigbjørn Gjelsvik

Johannes Rindal jr@sp.no

41 44 09 28

Østfold

9-10/2

Hankø Fjord-hotell & Spa

2. nestleder Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Anne Koht-Norbye

akn@sp.no 92848334

Akershus

9-10/2

Quality Hotel, Mastemyr

2. nestleder Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Johannes Rindal jr@sp.no

41 44 09 28

Telemark

9-10/2

Quality Straand Hotel, Vrådal

Stortingsrepr. Kjersti Toppe og Åslaug Sem-Jacobsen

Sveinung Leikvoll

sle@sp.no 91393570

Trøndelag

9-10/2

Scandic Hell, Stjørdal

Partileder Trygve Slagsvold Vedum (fredag)

parl. leder Marit Arnstad (fredag) og 1. nestleder Ola B. Moe (lørdag)

Rune Hjulstad

rh@sp.no

91685572

Vestfold

10/2

Hotell Klubben, Tønsberg

Partileder Trygve Slagsvold Vedum

Lisbeth Glittum

lgl@sp.no 97066197

Aust-Agder

10/2

Scandic Hotel i Grimstad

Stortingsrepr. Kjersti Toppe

Gunnar Ole Lyngroth

gol@sp.no 95208959

Nordland

10-11/2

Thon Hotel Nordlys, Bodø

Stortingsrepr. Willfred Nordlund

Eivind Inge Storvoll

eis@sp.no 41522007

Finnmark

10-11/2

Scandic Hotell Kirkenes

Stortingsrepr. Per Olav Lundteigen

Rita H. Roaldsen

rhr@sp.no 91588501

Hordaland

16-17/2

Scandic Flesland Airport

Stortingsrepr. Sigbjørn Gjelsvik og Ivar Odnes

Eirill S. Indrebø

esi@sp.no 95112964

Oppland

17-18/2

Hafjell, Øyer

Parl. leder Marit Arnstad

Nils Ramsøy

nr@sp.no 45445583

Troms

17-18/2

Scandic Harstad

1. nestleder Ola Borten Moe

Ingunn-Merete Hals

imh@sp.no 93852317

Buskerud

23-24/2

Sundvolden Hotel

Partileder Trygve Slagsvold Vedum

Sunni Grøndahl Aamodt

sga@sp.no 91358414

Hedmark

2-3/3

Elgstua, Elverum

Partileder Trygve Slagsvold Vedum

Ole Mathias Rønaasen

omr@sp.no  93263056

Rogaland

2-3/3

Scandic Maritim, Haugesund

Stortingsrepr. Sandra Borch og Geir Pollestad

Leif Christian Andersen

lca@sp.no 90652532

Sogn og Fjordane

2-4/3

Kviknes Hotel, Balestrand

Fylkesleiar Sigurd Reksnes

Per Rune Vereide

prv@sp.no

97706884

Vest-Agder

3/3

Rosfjord Strandhotel i Lyngdal

Parl. leder Marit Arnstad

Gunnar Ole Lyngroth

gol@sp.no 95208959

Møre og Romsdal

3-4/3

Kristiansund

1. nestleder Ola Borten Moe

 

Ebba Thorgersen

et@sp.no

90821003

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS