Pressemelding

Senterpartiet - 02.03.2022

Rekordstore fylkesårsmøte i Sp 2022

Det er venta rekordoppmøte på Senterpartiets fylkesårsmøter i år, med godt over 2 300 delegatar til saman. Alle 17 fylkeslag i partiet har årsmøte kvart år, og i år startar det med Oslo Sp 12. februar og avsluttast med tre fylkesårsmøte første helga i april. Dei fleste fylkesårsmøta er i år for første gong sidan 2020. På programmet står generell politisk debatt, vedtak av fråsegner, val av fylkesstyre og andre årsmøtesaker.

 

Politiske verkstader

Først på dei fleste fylkesårsmøte er det ein generell politisk debatt. Etter ein sentral innleiar har heldt sin politiske tale, så kan delegatane tala om det som dei har på hjarta og som er viktig for dei og lokallaget deira no.

 

I 2021 vart det vedtatt til saman over 130 uttalar på dei 17 fylkesårsmøta, altså over åtte uttalar i snitt. Tema for uttalane spreidde seg over svært mange politiske saksfelt. Alle uttalar og resultat frå fylkesårsmøta vert vidareformidla til både sentralstyret i partiet, alle komitear i stortingsgruppa, og i år også til regjeringa.

 

Val av fylkesleiarar i år

Ikkje alle i fylkesstyret er på val samtidig. I år, som er eit mellomvalår er det fylkesleiar, studieleiar og halvparten av styremedlemane som er på val. I valår er det dei to nestleiarane og resten av styremedlemane som normalt er på val. Fylkesårsmøtet handsamar årsmelding og rekneskap samt retningslinjer for partiarbeidet framover og budsjett.

 

Rekordstore fylkesårsmøte

Lokallagas rett på delegatar er rekna ut frå talet på røyster i siste stortingsvalet i 2021, talet på lokallagsleiarar, gruppeleiarar i kommunestyra, fylkesstyrer og fylkestingsrepresentantar, talet på medlemar i lokallaget. Medlemstalet i Sp er stabilt og med ein auke i røystetalet på 100 000 frå stortingsvala 2017-2021 kan det koma meir enn 300 fleire utsendingar til årets fylkesårsmøter enn fjorårets, opp frå om lag 2000 delegatar til over 2300 delegatar totalt.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS