Pressemelding

Fiskeridirektoratet - 07.02.2013

Ressurskontroll på rett stad til rett tid


– Endra biologiske føresetnader skaper utfordringar med omsyn til å vera til stades på rett stad til rett tid i åra framover, går det fram av strateginotat for ressurskontrollen 2013–2014.


Eit viktig føremål med den årlege risikovurderinga er å sikre at dei ulike kontrollaktivitetane og kontrollområda til Fiskeridirektoratet, Kystvakta og salslaga sjåast i samanheng.

Ressurskontrollen skal i 2013 særleg rettast mot ulovleg utkast og ulovlege landingar, går det fram av satsingsplanen for komande periode.

Risikovurderinga skal vidare gje eit heilheitleg oversyn over dei viktigaste og mest risikoutsette kontrollområda.

Risikoområder
Følgjande områder er vurdert til høg eller svært høg risiko, og skal ha særskild prioritet i 2013.
•Ulovleg utkast og slipping, samt urapportert redskapssprenging under utøving av fiske.
•Ulovlege landingar og ulovleg omsetting.

Ulovleg utkast og slipping vil det i første rekke vere Kystvakta som prioriterer ressurser til, medan ulovlege landingar og ulovleg omsetting nasjonalt vil vere ei hovedoppgave for Fiskeridirektoratet og salslaga.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS