Pressemelding
Finansdepartementet -
09.05.2008
Revidert nasjonalbudsjett vert lagt fram 15. mai
Finansminister Kristin Halvorsen har pressekonferanse i Plenumsalen R4 kl. 10.30 torsdag 15. mai. Pressa kan kome inn i Plenumsalen når dokumenta er offentlege, kl. 10.15.
Pressekonferansen vert også overført direkte på internett, slik at alle interesserte skal kunne fylgje med. Sendinga er tilgjengeleg frå klokka 10.30 på Finansdepartementet sin nettportal: http://www.statsbudsjettet.no.
Budsjettportalen blir oppdatert med ny informasjon 15. mai kl. 10.15, mellom anna alle dokumenta for det reviderte budsjettet, pressemeldingar og ei liste med stikkord for endringar i budsjettet. Du kan få oversendt budsjettdokumenta elektronisk ved å melde deg på tingingstenesta vår innan torsdag 15. mai kl. 08.00.
Tre budsjettdokument blir offentlege kl. 10.15:
Stortingsmeldinga om Revidert nasjonalbudsjett 2008
Stortingsproposisjonen om omprioriteringar og nye løyvingar i budsjettet for 2008
Odelstingsproposisjonen om skatte- og avgiftslovgjevinga.
Budsjettdokument i papirversjon kan ein få frå klokka 10.15 i Plenumsalen, R4. Eitt sett pr. person er hovudregelen. Dokumenta blir etter kvart lagt ut for sal hos Akademika. Statlege bedrifter og organisasjonar kan vende seg til Departementenes Servicesenter (tlf.: 22 24 98 60) for fleire sett med dokument.