Pressemelding

Samferdselsdepartementet | - 28.03.2025

Rv. 7 Sokna – Ørgenvika i Buskerud: Legg til rette for raskare utbetring av rv. 7 gjennom Hallingdal

– Rv. 7 mellom Sokna og Ørgenvika er no nedbetalt, om lag fire år før tida. Lokalt ønskjer dei å halde fram med innkrevjing av bompengar. Hensikten er å finansiere utbetringar for ein meir trafikksikker veg vidare gjennom Hallingdal raskast mogleg. Regjeringa seier ja til dette, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa la i dag fram for Stortinget eit forslag om å vidareføre innkrevjinga av bompengar på rv. 7 mellom Sokna og Ørgenvika i Buskerud.

– Inntekta frå ei vidareført innkrevjing vil gå til å framskunde naudsynte utbetringar av rv. 7 i Hallingdal mellom Kittilsvik og Gol. Forslaget inneber at bompengebetalinga held fram til juni 2029, slik det opphavleg var lagt opp til då vegprosjektet Sokna – Ørgenvika vart vedteke, seier samferdselministeren.

Det vert lagt opp til same takstnivå som før, med nokre justeringar – mellom anna skal lette nullutsleppskøyretøy betale 50 prosent. Forslaget er eit pilotprosjekt slik regjeringa opna for i Nasjonal transportplan 2025-2036. Det leggjast opp til parallellinnkrevjing av bompengar samstundes som tiltaka skjer, noko som inneber at bompengeselskapet ikkje tek opp lån og trafikantane vert såleis ikkje belasta for rentekostnadar.

Lokalt initiativ for tryggare veg raskare

Det er kommunane Ringerike, Krødsherad, Flå, Nes, Gol, Ål og Hemsedal saman med Buskerud fylkeskommune som har teke initiativ til denne løysinga for å framskunde naudsynte utbetringar, i påvente av ei mogleg ny vegpakke for Hallingdal.

– Trygg veg med god framkome er viktig, og vi lyttar i denne saka til den breie lokale semja om ei slik løysing som vi no foreslår. Rv. 7 gjennom Hallingdal er i dag ei strekning med mykje trafikk, men som er smal og har dårleg standard. No kan ein betre og tryggare veg kome raskare på plass, seier Nygård.

Mellom tiltaka som er aktuelle, er kurveutbetring fleire stader, breddeutviding og nye bruer mellom Flå og Bromma.

Sjå også: Prop. 77 S (2024-2025) – Vidareføring av bompengeinnkrevjing på rv. 7 Sokna – Ørgenvika i Buskerud for å påskunde utbetringar av rv. 7 gjennom Hallingdal

 
 
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS