Pressemelding

Samferdselsdepartementet - 16.06.2023

Samferdselsdepartementet med eksternt oppdrag om organisering av vegsektoren

– Eg er oppteken av å få belyst kva etableringa av Nye Veier har betydd for vegsektoren i stort; om dagens organisering bidreg til politisk styring og til målet om eit effektivt, miljøvenleg og trygt transportsystem. No lyser vi ut eit oppdrag med nettopp dette temaet. Det er ein viktig milestolpe i regjeringa sitt arbeid med å utgreie organiseringa av vegsektoren, seier Jon-Ivar Nygård

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård på synfaring hos Statens vegvesen sin trafikkstasjonen på Risløkka i Oslo, våren 2023.

I Hurdalsplattforma vart det varsla at regjeringa ønsker å utgreie korleis utbygging, drift og vedlikehald av vegane skal organiserast, med bakgrunn i at stadig fleire utbyggjarar og vegeigarar kan bidra til auka kostnadar, meir fragmenterte fagmiljø og mindre samanhengande utbygging.

Bakgrunnen for dette er dei store endringane i sektoren, som er knytt til både etableringa av Nye Veier og avviklinga av Sams vegadministrasjon.

Regjeringa fekk mange gode innspel både då dei inviterte til møte om organisering av vegsektoren i 2022, og skriftleg i etterkant av møtet. Både grenseflata mellom stat og fylka, og arbeidsdelinga mellom Statens vegvesen på statleg side vart løfta fram som problematisk.

No lyser Samferdselsdepartementet ut eit eksternt oppdrag for å vurdere om dagens organisering av vegsektoren på statleg nivå samla sett bidreg til effektiv ressursutnytting, politisk styring og ivaretaking av dei overordna måla i Nasjonal Transportplan (NTP).

– Sjølv om vi ikkje gjer ei evaluering av oppløysinga av Sams vegadministrasjon no, betyr ikkje det at vi ikkje tek tak i dei problemstillingane vi og andre erfarer etter omorganiseringa. I dette arbeidet vert det også relevant å følje opp kritikken frå Riksrevisjonens rapport om drift- og vedlikehald – ein rapport eg tek på alvor, seier Nygård.

Samferdselsdepartementet legg opp til at denne delen av arbeidet vert handtert gjennom dialog med fylkeskommunane/KS, Statens vegvesen og Nye Veier, slik at ein saman kan sjå på eventuelle behov for justeringar av arbeidsform innan noverande ansvarsdeling.

Departementet ønsker å oppnå effektiv bruk av ressursane i sektoren, betre informasjonsflyt, beredskap, rolledeling og samarbeid. Departementet legg opp til ein omtale i Nasjonal transportplan, som vert lagt fram neste vår.

– Vi er opptekne av å spele på lag med dei gode fagmiljøa våre. Vi veit at det jobbar mange flinke fagfolk i denne sektoren, og mange av desse har strukke seg langt for å levere godt, til tross for at omorganiseringa har kravd mykje krefter dei siste åra, seier Nygård.

 
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS