Pressemelding
Senterpartiet -
14.10.2005
Senterpartiet sine kommentarar til Bondevik II regjeringa sitt siste budsjett
Bondevik II legg i sitt siste budsjett opp til å vidareføre den usosiale profilen dei har arbeidd etter dei siste fire åra. For den nye regjeringa vil det vere vesentleg å gjere endringar i budsjettet som rettar opp denne profilen og som sikrar innbyggarane si velferd.
Skatt etter evne
Dei endringane regjeringa no føretek i skatte og avgiftsnivået medverkar til å uthole prinsippet om at alle skal skatte etter evne. Det auka handlingsrommet i økonomien vert av den sitjande regjeringa nytta til å dele ut store skatteletter til dei som har mest frå før. For den nye regjeringa er blir det viktig å gjenreise prinsippet om skatt etter evne og derfor avvise dei store skattelettene mellom anna i toppskatten.
5.4 milliardar meir i reell vekst for kommunane
Den nye regjeringa vil legge til grunn at den reelle veksten i kommunesektoren skal vere på 5,4 miliardar kroner. Dette er avgjerande for å sikre ein god skule, ei meir verdig omsorg og for å ta eit krafttak for å rette opp den finansielle underbalansen i kommunesektoren.
Matmoms
Bondevik II regjeringa vel å sende rekninga for sjenerøse skatteletter til barnefamiliar og lågtlønte, som nyttar størst del av inntekta si på matvarer. Senterpartiet vil arbeide for at momsen på matvarer framleis skal vere låg.
Skilje mellom investering og drift
Senterpartiet vil arbeide vidare for å fylgje opp statsbudsjettutvalet si tilråding om å skilje utgiftene til drift og investering på statsbudsjettet. Dette vil medverke til meir føreseielege rammer, til dømes i forhold til investering i infrastruktur og andre viktige samfunnsoppgåver.