Pressemelding

Riksantikvaren - 16.05.2024

Sjøbuer i Bergen freda

Riksantikvaren fredar sjøbuer i Bergen. - Trehusrekkene langs sjøen i Bergen er kjend over heile verda, seier riksantikvar Hanna Geiran, og no kjem fleire på lista.

Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

- I Bergen kjem ein tett på den historiske kystkulturen, seier riksantikvar Hanna Geiran. - Sjøbuene og kystkulturen er framleis ein viktig del av bybilete og byutviklinga i byen, og Bergen har alltid vore gode på å ta kulturarven med seg inn i framtida, seier Geiran.  

Sandviksbodene 12-24 utgjer eit miljø av sjøbuer i fire grupper av buer og naust i Sandviken i Bergen, bygde mellom ca. 1672 og 1892.  

- Sjøbuene var fleirbrukshus før dette vart nytta som omgrep, seier Geiran. - Dei var pakkhus for handelsvarer, som korn og salt, men har òg vore brukte i samband med framstilling av tørrfisk, klippfisk, tran og rogn. Her har seglmakarar, bøkkarar og blokkmakarar hatt tilhald, og nokre av bygningane har vore nytta som naust, til lagring av båtar og anna utstyr, seier Geiran. 

Tørrfisk og internasjonal handel 

Sjøhusa i Sandviken og andre stader i Bergen er nært knytt til rolla byen som eit internasjonalt handelssentrum. Bergen har vore knutepunktet i det nordeuropeiske handelsnettverket i mange hundre år, og dette har vore det økonomiske grunnlaget for byen.   

- Dei historiske Sandviksbodene er ikkje berre bygningar, dei er levande minne om vår kystkultur og handelshistorie. I byutviklinga tek vi vare på desse sjøbuene, ikkje berre som fysiske strukturar, men som ein sentral del av vår Bergenske kulturarv og identitet, seier byråd for byutvikling Christine Kahrs (H). 

Tørrfisk og andre fiskevarer frå Nord-Noreg vart eksportert frå Bergen til byane ved Nordsjø- og Østersjøkysten, og korn, salt, tekstil, kolonialvarer og andre varer vart importert.  Dei hanseatiske kjøpmennene var dominerande i denne handelsverksemda på Bryggen frå midten av 1300-talet.  På 1600-talet vaks det fram eit talrikt bergensk handelsborgarskap som òg tok del i både utanriks- og nordlandshandel. Handelsverksemda førte til eit stort behov for lagringsplass, og sidan all varetransport gjekk sjøvegen, vart lagerbygningane bygde langs strandlina. 

- Bergensarane og vestlendingane har alltid hatt beina planta her vest, men med blikket mot verda. Med Bergen som eit viktig handelssentrum, måtte bygg reisast for å handtere råvarene vi eksporterte til utlandet. Desse bygga her i Sandviken er viktige historiske døme på Bergen og Vestland som eksportregion gjennom fleire hundre år, og eg er utruleg glad for at desse bygga no får den statusen dei fortener, seier fylkesvaraordfører Stian Jean Opedal Davis (Ap). 

Sandviksbodene 15–24 vart mellombels freda av Hordaland fylkeskommune i 1992. Etter det har det vore gjort eit omfattande og systematisk vedlikehalds- og restaureringsarbeid på bygga. Det gjeld både bygga kommunen eig, og dei som er eigde av private. 

Kystens kulturmiljø 

Riksantikvarens arbeider for tida med ein bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø. Strategien skal vere eit verktøy for forvalting av kulturminne og -miljø som finst langs kysten. Sjøbuer og arbeidsbygg langs kysten er ein sjølvsagt del at dette arbeidet. 

- Den nye strategien skal være eit verktøy for å nå nasjonale mål på kulturmiljøfeltet, seier riksantikvar Hanna Geiran. - Landets kyst har ei rik kulturhistorie og eit stort mangfald av kulturmiljø. Kulturmiljøa langs kysten er mange og særs viktige for å fortelje landets historie, seier Geiran. 

Vestland fylkeskommune har utarbeidd høyringsforslaget, som har vore ute til offentleg høyring. Det har også vore god dialog med dei private eigarane, Bergen kommune, Norges fiskerimuseum, Bergen kystkultursenter og Riksantikvaren. Bergen kommune slutta seg til fredingsforslaget i bystyremøtet 31. januar i år. 

Dei tolv sjøbuene blir føreslått freda etter kulturminnelova § 15, medan området rundt blir føreslått freda etter § 19 i same lov. 

 
 
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS