Pressemelding

UiT Norges arktiske universitet - 04.02.2022

Skal få samiske rettar inn i helse- og sosialutdanningane

UiT har laga ein ny nasjonal læringsressurs om samar sine rettar som kan nyttast av utdanningar i heile Noreg. Betre tenester og meir kunnskapsrike helse- og sosialarbeidarar er målet.

Frå innspeling av filmen om Amanda, ei sentral del av læringsressursen. Foto: Inger Dagsvold / SSHF

«Læringsaktivitetar om samiske rettar i helse- og sosialtenestene» er namnet den nye ressursen UiT har utvikla for utdanningar i heile Noreg. Den skal gje studentar i helse- og sosialfag betre kjennskap til samiske samfunn, kultur, historie og ikkje minst, samars rettar i møte med helsevesenet.

UiT tok utfordringa

I 2017 kom kunnskapsdepartementet (KD) med ei ny forskrift om felles rammeplan i helse- og sosialfagutdanningar. Eit av dei tolv krava om felles læringsutbytte ved utdanningane, er at alle sosial- og helsefagstudentar i heile Noreg skal «kjenne til samars rettar, og ha kunnskap om og forståing for samanes status som urfolk».

Portrett av ei kvinne.STOLT: Prorektor Kathrine Tveiterås Foto: UiT / David Jensen

Her måtte universiteta trå til, og da var det naturleg at eit universitet i Sápmi tok føringa. UiT satt saman ei fagleg brei gruppe som har jobba i 2,5 år med å svare på krava frå KD. Det fanst ingenting frå før, så dei starta heilt frå null. No er læringsressursen klar til å verte tatt i bruk i all høgre utdanning i Noreg.

Prorektor for utdanning ved UiT, Kathrine Tveiterås er stolt over arbeidet som er gjort:

– Med vår fagkunnskap om samiske språk og kulturar skulle det berre mangle at det er UiT som har tatt ansvaret med å utvikle modulane. Læringsressursen er viktig for å sikre at alle som utdannar seg innan helse- og sosialfag får den nødvendige kompetansen, seier ho.

Tverrfagleg og fleksibel

Modulen skal kunne brukast på minst 20 ulike utdanningar i fagfeltet, i alt frå medisin og sjukepleie til psykologi, sosionom, ernæring og ergoterapi. Den er derfor framfor alt fleksibel, der institusjonane sjølve skal kunne hente ut dei delane dei treng til sine utdanningar og fag – gjerne slik at studentane bruker ressursen fleire gonger i løpet av studieforløpet.

Framleis store kunnskapshol

Ann Ragnhild Broderstad har leia utviklingsarbeidet. Ho er overlege ved Universitetssjukehuset Nord-Norge (UNN) og fagleg leiar for Senter for samisk helseforsking (SSHF) ved UiT.

Portrett av ei kvinne.LEIA ARBEIDET: Ann Ragnhild Broderstad. Foto: UiT

– Vi håper jo at det skal verte spennande og artig for studentane å bruke ressursen. Men og utfordrande og litt vondt, seier Broderstad.

– Vondt?

– Ja, på nokre områder treng me ei oppvakning. Sjølv i dag opplever samisk pasientar mykje uforstand i norsk helsevesen, kor samisk mistolkast som babling eller forvirring. Det er framleis store kunnskapshol, og det må me gjere noko med, seier ho.

Meir kunnskap og sensitivitet for samanes rettar og historie i helsevesenet har vore etterlyst lenge. I møtet mellom pasient og helsearbeidarar er kommunikasjon sentralt, og samiske pasientar har vore møtt med stereotypiar, dei har måtte vere tolk for eiga familie, og ein er redd for at samar kan ha auka risiko for feilbehandling på grunn av dårleg kommunikasjon. Ein kan og sjå at samar kan snakke om eiga helse på andre, meir indirekte måtar. Fornorskinga har òg skapt eit intergenerasjonelt traume, som gjer at nokre kan vere skeptiske til helsevesenet.

Eit løft

Læringsressursen vert gratis tilgjengeleg for alle universitet i Noreg gjennom ei felles bank kor institusjonane deler ressursar. Slik gjer ein felles løft på mange fagfelt. Opne ressursar er kjempeviktig for heile sektoren, forklarar Tveiterås:

– Eg er kjempestolt over våre fagmiljø som har gjort jobben, og eg trur det kan tene som modell for utvikling av fleire delte læringsressursar i tida framover, seier prorektoren

Skodespillare og crew poserer på eit sjukehusrom.STILLE PÅ SETT: Crew og skodespelare frå filmen om Amanda. Foto: Inger Dagsvold / SSHF

Komplekse situasjonar

Som alle folkeslag er samane ei heterogen gruppe og det er alltid ei fare for å generalisere når ein skal inn i pasientsituasjonar. Men ein har krav til å få hjelp på morsmålet sitt, og dessutan ser ein at i krisar og ved trussel mot liv og helse kan språkkompetanse svekkast. Då må ein kunne ta nødvendige grep, skaffe tolk og vere bevisst eiga kommunikasjon. Det er helse- eller sosialarbeidaren som har ansvar for at pasientane får eit godt tilbod som er tilrettelagd dei.

Fornorskinga har og gjort at nokre samar held bakgrunnen sin hemmeleg for alle, til og med eigne barn og barnebarn. Dei har skamma seg over å vere samiske.

– Det kan oppstå situasjonar kor til dømes ein eldre slagpasient tek til å snakke sin barndoms samiske språk, etter å ha heldt bakgrunnen sin skjult i 60–70 år. Då kan du få sterke reaksjonar frå pårørande, sinna ektefellar og barn som ikkje veit at dei er samiske. Kva gjer du då, spør Broderstad.

Illustrasjon med ei hand som held ei tablet.VISUELL: Slik går ein fram i møte med pasientar med anna morsmål enn norsk. Foto: Illustrasjonsbillete frå ressursen.

Kan nyttast i andre samanhengar

Ressursen har òg verdi utanfor samiske miljø, og kan nyttast til opplæring for alle situasjonar kor helse- og sosialarbeidarar møter menneske med eit anna morsmål eller kulturell bakgrunn enn norsk. Til dømes korleis ein jobbar saman med ein tolk.

Om du ikkje er student og møter modulen i studiane dine, er mykje av innhaldet opent tilgjengeleg på Reaidu, UiT sin opne nettressurs om samisk historie, samfunn og kultur. Her finn du faginnhold som kan nyttast i mange fagfelt og utdanningar.

No håper Broderstad at modulen vert tatt i bruk, så den får bryne seg på verkelegheita:

– Den er ikkje ferdig, og det vert den kanskje aldri. Folk må bruke den og gje oss tilbakemeldingar, så kan me gjere den enda betre. Det er til vårt felles beste, seier ho.

 
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS