Pressemelding
stortingsrepresentant Gunvor Eldegard, Arbeiderpartiet - Næringskomiteen -
28.01.2008
SkatteFUNN fører til auka forsking og innovasjon
I løpet av 2008 vil regjeringa leggje fram Innovasjonsmeldinga for Stortinget.
I arbeidet med denne meldinga vil ein blant anna gå gjennom verkemidla og vurdere korleis ein betre kan legge til rette for meir forsking, utvikling og nyskaping. Men så langt eg ser det, er SkatteFUNN eit verkemiddel som vil bestå. Ordninga er kostnadseffektiv og ubyråkratisk. Stortinget sitt uttalte mål om at serleg næringslivet sin forsking- og utviklingsinnsats bør styrkast, den relative beskjedne skattekostnaden som SkatteFUNN fører med seg og dei positive verknadene av ordninga som Statistisk Sentralbyrå (SSB) har påvist i si evaluering, meiner eg er gode argument for å vidareføre ordninga. Det er viktig at ein støttar opp om forsking, og ei spleiseordning mellom staten og bedriftene trur eg er positivt.
Regjeringa har som mål å legge til rette for vekst og verdiskaping i heile landet, for å sikre velferdssamfunnet i framtida. I næringspolitikken handlar det både om å sikre eksisterande næringsliv og arbeidsplassar, og å stimulere til utvikling av nye idear, produkt og bedrifter.
Omstillingstakta aukar i alle næringar, og for å henge med i den nasjonale og internasjonale konkurransen får innovasjon og nyskaping ei stadig viktigare rolle.
Heilt avgjerande for omstilling, innovasjon og verdiskaping i næringslivet er forsking og forskingsbasert kunnskap.
I Stortinget er det brei semje om å auke den samla forskingsinnsatsen i Noreg, og ei sentral utfordring er å auke forsking- og utviklingsinnsatsen i næringslivet.
Evalueringa av SkatteFUNN syner at dette er eit godt verkemiddel som stimulerar til meir forsking og utvikling. Rapporten frå SSB er tydleg på at SkatteFUNN fører til meir forsking og utvikling i føretaka. Auken er sterkast i små føretak, føretak i lite sentrale strøk, føretak der dei tilsette har relativt lågt utdanningsnivå og føretak i næringar som tradisjonelt er lite forskingsintensive.
Det viser seg altså at SkatteFUNN fører til auka verdiskaping, fleire innovasjonar, nye produksjonsprosessar og i nokon grad til nye produkt for føretaket. Føretak som samarbeidar med andre føretak lukkast i større grad med sine innovasjonar.
I tillegg er det er interessant å merke seg at SkatteFUNN fører til at føretak som i liten eller ingen utstrekning har hatt FoU-aktivitet tidlegare, har starta med slik verksemd.