Pressemelding

Fjord1 - 27.06.2012

Slik blir ferjetrafikken i sommar

Sjølv med 39 % meir trafikk enn resten av året, har Fjord1 god kapasitet på ferjene i sommar.
Selskapet reknar med om lag 1,2 millionar køyretøy på ferjene berre i juli, og går med full kapasitet innanfor kontraktane med oppdragsgjevarane.
- Vi har god kapasitet i rutene våre, og det vil normalt ikkje vere lang ventetid i høgsesongen, seier administrerande direktør Leif Øverland.
Det kan likevel løne seg å være tidleg ute dei travlaste utfartsdagane
Dette gjeld spesielt på fredag ettermiddag framfor større utfartshelgar, og søndag ettermiddag etter desse utfartshelgane. På enkelte samband vil det også være store endringar i tal reisande i tilknyting til større kulturarrangement, som saman med sommartrafikken vil gje trafikale utfordringar.
Sjekk rutetider og ferja sin posisjon i sann tid underveis
Fjord1s nettsider er tilpassa smart telefonar og koplar blant anna trafikkmeldingar til ruteinfo, slik at all relevant informasjon om ei rute kjem opp i rutesøket. Vidare syner kartet ferja sin posisjon i sann tid på sambandet, som også kan være svært nyttig.
- Vi ynskjer gjere kvardagen enklare for kundane våre, og no kan du lett få oppdatert ruteinformasjon også under reisa, seier kommunikasjonsdirektør Ingrid Færøyvik.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS