Forsvarsbyggs årsrapport for 2023 er no publisert, og inneheld ei oversikt over resultata til etaten i året som gikk.
-Forsvarsbygg skal etablere, opprettholde og gjenopprette forsvarsssektorens eiendom, bygg og anlegg i fred, krise og krig. I 2023 leverte vi effektive og operative eigedomar, bygg og anlegg til Forsvaret. Vi har bidratt til bærekraftige og kosteffektive leveransar som understøttar forsvarssektorens behov, seier Thorbjørn Thoresen, direktør Forsvarsbygg.
-Eigedom, bygg og anlegg er ein av fire innsatsfaktorar for forsvaret av Noreg i fred, krise og krig. Russlands invasjon av Ukraina har gitt varige endringer i situasjonsbildet for norsk tryggleik- og forsvarspolitikk, og det har blitt klart for alle kor viktig det er at Noreg har eit sterkt forsvar på eiga hand, saman med allierte og i totalforsvaret. Dette bidreg Forsvarsbygg til. Vi har evna å snu oss rundt og prioritere dei riktige oppgåvane for å bidra til eit styrka forsvar og vilje til beredskap.
Her kan du lese Forsvarsbyggs årsrapport for 2023
Dei store tala for 2023
Forsvarsbygg forvalta 12 829 bygg og anlegg over heile landet. Det vart investert for om lag 5,5 milliardar kroner. Vi hadde 406 aktive investeringsprosjekt i ulike fasar og overleverte 22 byggeprosjekt til Forsvaret gjennom året. Med litt over 4 millionar kvadratmeter forvalta bygningsmasse, og ein total kostnadsbase på 11,7 milliardar kroner, er Forsvarsbygg den største offentlege eigedomsaktøren i landet.
Oppussing av kaserner prioritert
Tilstandsgraden på eigedomane til Forsvaret har vore synkande dei siste åra. Det har vore særleg synlig på såkalla personellrelaterte bygg, kaserner og kvarter. Ei særleg satsing på dette området dei siste to åra, har ført til at fleire tusen soldatar no har betre boforhold. Forsvarsbygg gjennomførte 18 fornyingsprosjekter på kaserner og kvarter rundt i heile Noreg i 2023. Satsinga fortsett og blir forsterka i 2024.
Eit beredskapsklart Forsvarsbygg
Forsvarsbygg har også gjennom 2023 arbeida med å leggje til rette for alliert mottak- og øvingsverksemd i Noreg - i tråd med samfunnsoppdraget vårt. Vi får på plass infrastrukturen våre soldatar og allierte treng for å forsvare Noreg. Organisasjonens beredskap er styrka, og understøtting av Forsvarets operative evne og beredskap inngår som ein del av Forsvarsbyggs verksemdsstyring. Forbereding av storøvinga Nordic Response 24/Steadfast Defender var sentralt i 2023. Over 20 000 soldatar frå 13 land deltok på NATO-øvelsen der Forsvarsbygg, saman med Forsvaret og våre allierte, øvde på å forsvare Norden.
3,3 millionar besøkte festningane
3,3 millionar personar besøkte ein av festningane til Forsvarsbygg i 2023. Det er ei auking på 14 prosent frå fjoråret og viser at interessa for dei nasjonale festningsverka er høg.
Sjå nøkkeltala våre for 2023
|