Pressemelding

Reidar Sandal, Ap - 15.05.2007

Solidarisk budsjett

-Vi er solidariske med vanlege folk som har store lån, blant anna på bustaden, og som blir ramma dersom det skulle kome store hopp i renta. Derfor held vi igjen på pengebruken i dette reviderte budsjettet, seier Aps finanspolitisk talsmann Reidar Sandal.

Han er ikkje imponert over reaksjonane frå opposisjonen:
-Kommentarane sprikar jo i alle retningar. Høgre kritiserer oss for å bruke for mykje pengar, Frp meiner vi bruker for lite mens Venstre roser oss for å ha valt ein fornuftig balanse, påpeikar Sandal, og legg til:

-Dette er eit ansvarleg budsjett som ikkje vil gi høgare renteauke enn det som for lengst er varsla. Det vil bli lagt merke til at vi som første regjering tar den politiske belastninga med å legge oss under den berømte fireprosenten i Handlingsregelen. Det er eit kraftig signal om at vi tar renteutfordringa på alvor.

Sandal understrekar samtidig at situasjonen på arbeidsmarknaden først og fremst er svært positiv:
-Arbeidsløysa er rekordlåg, og gjer at mange som har slitt med å få arbeid no får sjansen. Vi snakkar om det viktigaste verktyet i kampen mot fattigdom – det at folk kjem i arbeid. Denne situasjonen må vi bidra til at held fram, seier han, og legg til:

-Vi har òg funne rom for viktige justeringar som vil bli lagt merke til. Situasjonen for sjukehusa såg vi tidleg og auka løyvingane med 800 mill. kr. Barnevernet har tilsvarande store utfordringar no og blir styrka med 220 mill. Vi har ei regjering som satsar på distrikta og legg inn 255 mill. kr ekstra for å nå målet full breibandsdekning innan utgangen av året. I tillegg held vi fram arbeidet mot gjengkriminalitet og vald mot kvinner og styrkar politiet med til saman 77 mill. kr.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS