Pressemelding

Sp-leiar Liv Signe Navarsete - 17.09.2008

Sp vil jamne ut nettleiga på straum

Senterpartiet har nyleg presentert sitt framlegg til nytt partiprogram. I programmet seier vi at nettleiga på straum skal utjamnast. Det er grunnleggjande for Senterpartiet at straum skal ha mest mogleg lik pris i heile landet. Det er ikkje rettferdig at folk i distrikta – særleg dei som bur nær straumproduksjonen – skal betale meir for å få levert straumen enn dei som bur i byane.

Det er store skilnader i nettleiga i dag. Tal frå NVE viser at Tysnes kraftlag i Hordaland er dyrast med 45,3 øre per kilowattime. Billegast er Hafslund nett i Oslo med 17,1 øre per kilowattime. Der nettleiga er dyrast, er den altså over dobbelt så høg som i Oslo. Det er ein stor skilnad. Ein gjennomsnittleg husstand i Tysnes – som brukar 20 000 kilowattimar i året – vil betale 5640 kr meir kvart år ein tilsvarande husstand i Oslo.

Senterpartiet er oppteke av å ha likeverdige tenester i heile landet. Nettleige og straumpris er døme på tenester som etter Senterpartiet sitt syn i utgangspunktet bør ha ein lik pris. Vi må difor få på plass ordningar som utjamnar skilnadene. Det må skje anten ved at vi styrkar den ordninga vi allereie har for utjamning, som i dag er på 30 millionar kr årleg, eller ved at vi opprettar ei eiga utjamningsordning. Regjeringa har lova utjamning av nettleiga i Soria Moria-erklæringa. Den lovnaden skal vi halde.

Dette handlar òg om at folk skal ha reell moglegheit til sjølve å bestemme kvar dei vil bu.
Det er ikkje akseptabelt at folk i distrikta jamt over betalar høgare nettleige enn folk i byane.
Det er ikkje god Senterparti-politikk. Skilnadene må difor utjamnast i landet.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS