Pressemelding

Samferdselsdepartementet | - 07.10.2024

Statsbudsjettet 2025: Ei historisk satsing på samferdsel

– Regjeringa legg opp til ei historisk satsing på samferdsel i neste års statsbudsjett. Spesielt retter vi innsatsen mot å ta vare på det vi har, og utbetre der vi kan. Å prioritere drift og vedlikehald betyr betre tryggleik for folk i trafikken, betre klimatilpassing og betre militær mobilitet. I tillegg prioriterer vi mellom anna å starte det største samferdselsprosjektet nokon gang, Arna-Stanghelle. Heilt konkret foreslår vi å løyve totalt 96,1 milliardar kroner til samferdsel i 2025, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Foto: Scanstock Photo

Regjeringa foreslår å løyva 10,8 milliardar kroner til drift og vedlikehald av riksvegnettet i 2025. Dette er ein auke på 1,1 milliardar kroner samanlikna med statsbudsjettet for 2024. Til drift, vedlikehald og fornying av jernbanenettet foreslår regjeringa 12,1 milliardar kroner.

– Vi følgjer opp lovnadene i Nasjonal transportplan ved å foreslå ein kraftig auke til drift og vedlikehald, både på veg og på jernbane. Det skal vere trygt å for folk å kome seg fram. Godt vedlikehald er avgjerande for å ha eit godt, sikkert og fungerande vegnett og for at vegane skal kunna brukast trygt i mange år. Det er for mange tog som ikkje er i rute. Det må vi gjere noko med. For første gong på fleire år blir det foreslått meir pengar til å ta betre vare på den jernbanen vi allereie har, seier Nygård.

Betre vegar – og nye vegar
Totalt foreslår regjeringa 46,9 milliardar kroner til vegformål, ein auke på 3,8 milliardar kroner frå 2024. 23,3 milliardar kroner skal gå til investeringar på riksvegane, noko som vil gi rasjonell framdrift i igangsette prosjekter, og prosjektstart for E45 Kløfta i Finnmark og fellesprosjektet Vossebanen/E16 Arna–Stanghelle i Vestland med raskast mogleg framdrift.

-Dette er svært viktige prosjekt som vil betre framkome og sikre innbyggarane ein tryggare reiseveg, heilt i tråd med prioriteringane til regjeringa i nasjonal transportplan seier Jon-Ivar Nygård

Både vedlikehald av nåverande og bygging av ny jernbaneinfrastruktur
Til jernbane foreslår regjeringa totalt 32,6 milliardar kroner i 2025.

Av dette er i alt 12,1 milliardar kroner foreslått til drift, vedlikehald og fornying av jernbanenettet. Til større investeringsprosjekt, som mellom anna bygging av InterCity-strekningar på Austlandet, elektrifisering av jernbanen i Trøndelag og innføring av det nye, digitale signalsystemet ERTMS – foreslår regjeringa å løyve 11,7 milliardar kroner.

– Ei opptrapping av arbeidet med vedlikehald og fornying kjem til å gi positive resultat over tid. I tillegg vil mellom anna nye tog og innføring av det digitale signalsystemet ERTMS bidra til å redusere talet på innstillingar og forseinkingar i togtrafikken i åra framover, seier Nygård.

Ei auka satsing på klimavenleg transport
Regjeringa vil i 2025 auke satsinga på ei meir klimavenleg transportnæring.

Elektrifisering av tungbilparken er eit av regjeringas viktigaste tiltak for å kutte klimautslepp. Difor følgjer regjeringa opp Nasjonal transportplan 2025–2036 og ladestrategien, med utbygging av døgnkvile- og rasteplassar for å leggja til rette for lading av tunge bilar. Vidare foreslår regjeringa 1,2 milliardar kroner til Enova for å styrkja innsatsen for utskifting av tunge køyretøy.

For å framskunde den grøne omstillinga i luftfarten, foreslår regjeringa å løyve til saman 50 millionar kroner for å etablere Noreg som testarena for null- og lågutsleppsfartøy.

Vidare foreslår regjeringa 7,7 milliardar kroner til ordningar som fremjar attraktive og klimavenlege byar med god framkome.

– Transportsektoren står for en tredel av norske utslipp, og for å nå klimamålene våre må disse utslippene reduseres kraftig. Byvekstavtalane og andre tilskotsordningar skal hjelpe byane å nå målet om at auken i persontransporten skal skje til fots, på sykkel eller med kollektivtrafikk, seier Nygård.

For andre pressemeldingar frå samferdselsbudsjettet 2025 – sjå:

 
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS