Pressemelding

Finansdepartementet - 25.04.2008

Statsrekneskapen for 2007 lagt fram

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2007 vart 1,3 milliardar kroner. Det er 1,5 milliardar kroner mindre enn i nysaldert budsjett, vedteke i desember 2007. Reduksjonen i det oljekorrigerte underskotet kjem i hovudsak av at dei faktiske skatte- og avgiftsinntektene vart 1,5 milliardar kroner høgare enn berekna i nysalderinga.

Under handsaminga av nysaldert budsjett i desember 2007 vedtok Stortinget den røynlege overføringa på 2,8 milliardar kroner frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet, tilsvarande det oljekorrigerte underskotet i nysalderinga. Det oljekorrigerte underskotet vart 1,3 milliardar kroner i rekneskapen, og statsrekneskapen vert dermed gjort opp med eit overskot på 1,5 milliardar kroner.

Overskotet i Statens pensjonsfond — Utland vart 387,9 milliardar kroner. Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond — Utland vert 389,3 milliardar kroner.

Bruken av petroleumsinntekter, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet for 2007, er no rekna til 57,8 milliardar kroner. Det er 13,2 milliardar kroner lågare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2007 og 0,8 milliardar kroner lågare enn rekna i nysalderinga. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet kjem fram ved at den oljekorrigerte budsjettbalansen mellom anna vert korrigert for verknaden av konjunkturane på budsjettets utgifts- og inntektsside og for endringar i rekneskapstilhøve.

Rekneskapstala for Statens pensjonsfond — Utland syner at netto inntekter frå oljeverksemda vart 316,4 milliardar kroner. Av desse vart 2,8 milliardar kroner ført tilbake til statskassa, slik Stortinget vedtok ved nysalderinga av 2007-budsjettet. Overskotet i Statens Pensjonsfond – Utland vart 387,9 milliardar kroner. Då er renteinntekter og utbyte på 74,3 milliardar kroner omfatta.

Bokførd verdi av kapitalen i Statens pensjonsfond — Utland auka med 235,7 milliardar kroner, frå 1 782,8 milliardar kroner per 31.12.2006 til 2 018,5 milliardar kroner per 31.12.2007. Forutan overskotet på 387,9 milliardar kroner, er verdien av fondet auka med 2,4 milliardar kroner i samband med at staten har løyst inn aksjar i Statoil ASA i 2007. Omvurderingar har redusert verdien av fondet med 154,7 milliardar kroner, i hovudsak som følgje av ei styrking av kronekursen i 2007. Endring i valutakursen påverkar ikkje den internasjonale kjøpekrafta av fondet.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS