Pressemelding
Storstilt satsing på havvind
Storstilt satsing på havvind
Første fase av Sørlige Nordsjø II vil vere på 1500 MW. Det svarer til om lag 7 TWh i året, tilsvarande kraftforbruket til 460 000 hushald.
– Regjeringa ønskjer ei omfattande satsing på havvind. Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord vil bidra til auka kraftproduksjon i Noreg. Dette vil gi meir kraft til den aukande etterspørselen me ser gjennom elektrifiseringa av det norske samfunnet, bidra til teknologiutvikling og kostnadsreduksjonar og utvikle norsk industri, seier olje- og energiminister Marte Mjøs Persen.
Når det gjeld den andre fasen av Sørlige Nordsjø II som også er 1500 MW, vil regjeringa ta stilling til korleis den skal koplast til nettet etter at det er gjennomført ei utgreiing av ulike nettløysingar for vindkraft til havs og kva effektar dette vil ha på kraftsystemet. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) skal gjennomføre utgreiinga i samarbeid med Statnett.
Utgreiinga skal også sjå på konsekvensane for kraftsystemet av ulike nettløysingar for vindkraft til havs med kopling både til Noreg og/eller utlandet. Det er i tilfelle der det ikkje er lagt til rette for nye mellomlandsforbindelsar som aukar eksportkapasiteten frå Fastlands-Noreg. Oppdraget vert sendt til NVE i dag og vil vere ferdig i løpet av hausten.
– Målet vårt er at me skal ha låge straumprisar for folk i Noreg. Regjeringa har tatt kraftige grep i møte med situasjonen i kraftmarknaden, gjennom straumstøtta, redusert el-avgift, auka bustøtte, auka sosialhjelp, auka støtte til studentar og meir støtte til ENØK-tiltak for hushalda. Når me no skal byggja ut havvind, vil me ikkje leggje til rette for nye mellomlandskablar som aukar eksportkapasiteten frå Fastlands-Noreg, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum. Regjeringa vil no gå vidare med regelverksendringane om auksjonsløysing og arealtildelingsprosess som var på høyring sommaren 2021, og vil i løpet av våren fremje ein lovproposisjon for Stortinget med endringar i havenergilova og fastsette endringar i havenergilovforskrifta.
Høyring av utlysingsområde
– Noreg har verdas beste fagarbeidarar, ingeniørar og leverandørindustri. Med den kompetansen og tilgang til rein kraft har me store moglegheiter til å bli ein grøn industrigigant. Både i Sørlige Nordsjø II og i Utsira Nord vil det kunne byggast industriprosjekt som kan bidra til dette, seier næringsminister Jan Christian Vestre. |