Pressemelding

Petter Løvik, Høyre - 16.03.2007

Umoralsk og politisk uhaldbart forslag

- Det er politisk, moralsk og juridisk forkasteleg av Regjeringa å bryte inngåtte avtaler med fiskerinæringa. Dette seier Petter Løvik, næringspolitisk talsmann for Høgre etter at Regjeringa la fram meldinga om struktur i fiskeria i dag. Sidan valet hausten 2005 har fiskeripolitikken vore frosen fast i påvente av ein ny kurs.



- Utviklinga mot ei meir lønsam og berekraftig næring har stoppa opp. Regjeringa har brukt eitt og eit halvt år på å krangle internt. I dag kom avklaringa og det er ikkje lystig lesing. Regjeringa viser ingen vilje til å lytte til fiskerinæringa, seier Løvik.



- Det aller verste er at dei nye reglane blir gitt tilbakevirkande kraft. For Høgre er det totalt uaktuelt å støtte ein politikk som går tilbake på inngåtte avtalar. Det er i strid med vår rettsoppfatning, og det er umoralsk og politisk uhaldbart, seier Løvik.



Fortsatt strukturering er heilt nødvendig

Regjeringa har tatt innover seg at fiskarane må kunne slå sammen kvoter for å redusere overkapasiteten i flåteleddet. - Det er ein viktig seier for fornuften at Regjeringa nå i alle fall innser dette. Vidare strukturering er heilt nødvendig om vi skal få til ei framtidsretta fiskerinæring. Og det hastar med å kome vidare, seier Løvik.



Regjeringa vil også utvide strukturordninga til å gjelde kystflåten mellom 11 og 15 meter. - Det er positivt, og eit svært godt rekrutteringstiltak. Det er få unge som vil gå inn i ei næring der overkapasiteten er så stor at det ikkje er råd å tene ei skikkeleg årsinntekt, seier Løvik.



Høgre vil framleis arbeide for eit breitt forlik

Saka skal handsamast i Stortinget før sommaren.

- Fiskeriministeren har tidlegare invitert til eit breitt forlik. Høgre vil i Stortinget prøve å få flytta dei raudgrøne partia meir i retning av ein politikk som gir fiskerinæringa betre og meir stabile rammevilkår, seier Løvik.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS