Pressemelding

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete - 18.07.2008

Utbygging av E18 Langåker - Bommestad

Presse og kringkasting har i det siste hatt ein del oppslag om opplegg og framdrift for arbeidet med å byggje ny veg på E18-strekninga Langåker – Bommestad i Vestfold.

I somme oppslag blir det gitt inntrykk av at Samferdselsdepartementet skal ha avslått søknad frå entreprenørselskapet Skanska AS om utbetaling av bonus i fall arbeidet blir gjort ferdig før utløpet av den utbyggingsperioden som følgjer av utbyggingsavtalen mellom Statens vegvesen og Skanska AS.

Samferdselsdepartementet har ikkje avslått nokon slik søknad.

Eg vil også peike på at Statens vegvesen heller ikkje har avslått nokon slik søknad.

Eg vil elles gjere merksam på at dei avtalemessige sidene i utgangspunktet er ei sak mellom Skanska AS og Statens vegvesen.

Frå stortingsrepresentant Jan Tore Sanner har eg i dag motteke eit brev om saka. Han vil få svar frå meg så snart som mogeleg.

Eg er sjølvsagt oppteken av at den nye vegen skal opnast så raskt som mogeleg.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS