Pressemelding

Samferdselsdepartementet - 12.06.2023

Utreiingsoppdrag om nasjonale føringar for riks- og fylkesvegnettet

Samferdselsdepartementet har sendt eit utreiingsoppdrag til Statens vegvesen  om nasjonale føringar for riks- og fylkesvegnettet innan drift og vedlikehald.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård på synfaring av Rv. 13 Vikafjellet, første halvdel av 2023. Foto: Kristoffer Rød-Lindberg/Samferdselsdepartementet

– Norske vegar skal være trygge. Denne regjeringa har vist at vi ønsker å ta vare på dei vegane vi har. Derfor auka vi midlane til drift og vedlikehald av riksvegane med 1,2 milliardar i årets reviderte nasjonalbudsjett, i tillegg til midla frå statsbudsjettet – ei rekordhøg satsing på drift og vedlikehald. Gode vegar er av stor betydning for trafikksikkerheita, og no må vi sjå på føringane som ligg til grunn for det vidare arbeidet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Etter avviklinga av sams vegadministrasjon 1. januar 2020 har det vore viktig å sikre ivaretaking av trafikksikkerheita og andre nasjonale mål i heile vegsektoren. Statens vegvesen har derfor utført ei førehandsutreiing om behovet for nasjonale føringar for vegnettet.

Skal også sjå på fylkesvegane

– Funna i førehandsutreiinga viser at vi har behov for å utreie og foreslå nasjonale minstekrav for drift og vedlikehald av vegar, samt minstekrav ved fråvik frå vegnormalane. Dette inkluderer også fylkesvegar som fylkeskommunane administrerer, seier Nygård.

Statleg tilsyn med fylkesvegnettet var ikkje ein del av mandatet for forhandsutreiinga. I lys av høyringskommentarane har Samferdselsministeren valt å gje Vegtilsynet i oppdrag å utreie eit forslag med nærmare krav til styringssystem på riksveg, og ein lovheimel for å krevje at også fylkeskommunane skal ha, og bruke, styringssystem for sine vegar.

Vegtilsynet skal utreie spørsmål om tilsyn av fylkesvegane, og dei økonomiske og administrative konsekvensane knytt til kvart alternativ skal vurderast grundig. I det vidare arbeidet skal Statens vegvesen og Vegtilsynet ha god og tett dialog med fylkeskommunane.

 
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS