Pressemelding
Senterpartiet -
11.02.2013
VAL AV SENTRALSTYRE PÅ LANDSMØTET 2013
Valkomiteen i Senterpartiet innstiller på attval av leiar Liv-Signe Navarsete, 1. nestleiar Ola Borten Moe og 2. nestleiar Trygve Slagsvold Vedum. Me meiner at dei tre er dei rette til å leia Senterpartiet vidare, seier leiar i valkomiteen Magnar Lussand. Valkomiteen la i dag fram heile si innstilling til nytt sentralstyre for Senterpartiet.
- Me ser at Senterpartiet leverer svært godt på det politiske området. Og det er det som tel. Fylkeslaga har gitt sine innspel til valkomiteen, og me konstaterer at Senterpartiets leiartrio har brei oppslutnad i partiet. Komiteen har også gjennomført grundige intervju med kandidatane. Vår konklusjon er klinkande klar. Valkomiteen har tillit til leiinga i partiet, seier Magnar Lussand.
Nytt sentralstyre skal velgjast laurdag 6. april, på landsmøtet til Senterpartiet som er på Hotel Alexandra i Loen i Sogn og Fjordane 5. - 7. april. – Innstillinga frå valkomiteen er einstemming. No er det opp til landsmøtet om dei vil setja sitt stempel på valkomiteens konklusjon, seier leiar i valkomiteen Magnar Lussand.