Pressemelding

Energipolitisk talsmann Erling Sande i Senterpartiet - 24.05.2008

VASSKRAFTA SKAL EIGAST AV FELLESSKAPET

Energipolitisk talsmann Erling Sande i Senterpartiet seier han er glad for at
Regjeringa vil at vasskraftressursane skal vere i folkets eige.
- Reglane syner at vi har sikra offentleg eigarskap til fossefalla ved å gjere bruk
av det handlingsrommet som EØS-avtala ga oss, seier Sande, som seier loven vil sikre
og styrke det offentlege eigarskapet til vassfall og kraftverk på statleg,
fylkeskommunalt og kommunalt nivå for all framtid.

- Vasskrafta er avgjerande for å ha ei energiforsyning vi kan stole på. Og for
Senterpartiet har det vore særskild viktig at dei store verdiane frå denne felles
kraftressursen skal kome fellesskapet til gode, seier Sande.

I dag eig det offentlege nesten 90 prosent av norsk vasskraftproduksjon. Loven
inneber at berre offentlege aktørar i framtida skal kunne erverve vassfall og
kraftverk over konsesjonsgrensa. Dei fleste småkraftverka fell under denne grensa.
- Dagen i dag markerer difor i dag en viktig siger for Senterpartiet og Regjeringa
når det gjeld satsinga på fellesskapet og det nasjonale eigarskapet til
naturressursane, seier Sande.
Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS