Pressemelding

Senterungdommen - 09.10.2008

Vi tek det biologiske mangfaldet på alvor

Det biologiske mangfaldet er ein svært viktig ressurs. Eit stort og variert biologisk mangfald kan innehalde løysinga på mange medisinske gåter, ja kanskje til og med løysinga på matmangelen i verda og andre globale problem. Dessverre er det i dag slik at tapet av biologisk mangfald truleg skjer 100 til 1000 gongar så raskt som normalt. Dette er det viktig å gjera noko med, derfor er det bra at Noreg har gått inn for å stoppe tapet av biodiversitet innan 2010.



Regjeringa vi har i dag viser verkeleg at ho tek dette miljøproblemet på alvor. Dei siste åra har utviklinga innan denne delen av miljøforvaltinga i Noreg gått raskt framover. Vi har støtta opp under oppstartsfasen av Artsdatabanken, ein avdeling under Direktoratet for Naturforvalting som har som mål å jobbe med kartlegging og ivaretaking av det biologiske mangfaldet. Det fyrste arbeidet dei kom med var den nye norske raudlista i 2006. Med det same vart det lagt ut detaljert informasjon om kvar enkelt raudlisteart på nettet, og det kjem ei ny utgåve av raudlista alt i 2010. Raudlista, som er ei oversikt over truga og nær truga artar i Noreg, er eit svært viktig hjelpemiddel både i og utanfor miljøforvaltinga.



Men det stoppar ikkje der: Allereie i 2007 kom den såkalla svartelista ut, ei komplett oversikt over alle framande artar i Noreg. Og i 2008 vart Artsobservasjoner lansert, eit interaktivt nettverk der alle som vil kan legga inn observasjonar av alle moglege artar dei ser ute i naturen. Det vera seg sjeldne eller svært vanlege artar. Denne tenesta er eit svært viktig verktøy i kartlegginga av det biologiske mangfaldet, sia ho når ut til svært mange. Ikkje minst er det også vedteki at denne tenesta skal utvidast og komma i ei ny og enno betre utgåve alt i løpet av dei næraste åra.



Samstundes held opprettinga av naturvernområde fram, noko som er både bra og naudsynt for biodiversiteten. Heldigvis ligg fokuset i dag mest på frivillig vern. Vi synest det er bra at ein ser verdien av å kommunisere med grunneigarar og verne på ein slik måte at ein slepp sterke konfrontasjonar og let vera å skapa konfliktliner. Verneprosessen i Trillemarka-Rollagsfjell var i så måte svært uheldig. Det er viktig at ein i framtida unngår slike prosessar, og i staden held fram den gode trenden med sterkt fokus på frivillig vern og dialog med grunneigarar. Ein må også vri midlane meir over på skjøtsel, og involvere det lokale nivået meir både i administreringa av verneområda og i kartlegginga av det biologiske mangfaldet.



I ei kåring vart nyleg Noreg kåra til verdas andre beste land på miljø og miljøspørsmål. Det viser at det blir lagt ned ein god innsats på miljøområdet i Noreg. Det er også ganske tydeleg at den satsinga på å ta vare på det biologiske mangfaldet som skjer i dag neppe vil halde fram om andre, meir miljøskeptiske parti får komma til makta. Vi har berre så vidt byrja, og er klar for å halde fram med å forvalte norsk natur og biodiversitet!



Torbjørn Horsberg Kornstad, 2. sentralstyremedlem i Senterungdomen.

Annonse:
Bransjeguiden

Siste nytt:



Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS